KVISTEN

Kvisten 3- 5 år.

Kvisten er ein storbarn avdeling med alderen 3-5 år.  Dei held til på "loftet" i den kvite byggninga og har inngang på baksida av huset.

Barna vert delt inn i ulike grupper med namn som er: Bamsar - 3 år, Revar - 4 år, og Harane - 5 år.

Kvardagen består av ulike aktivitetar som leik inne/ute, samlingsstunder, turar i nærmiljøet og tema arbeid.

Vi nyttar bålhuset i barnehagen til div aktivitetar, tur på Røvhaugane der vi har ein gapahuk, nyttar fjorstien, fotball bana på folkehøgskulen til ulike aktivitetar, og klatreveggen i Sognahallen.

Dei eldste barna har Hareklubb der ein har skuleførebuande aktivitetar inne/ute, turar osv

Gjennom fagområdet kropp, rørsle, mat og helse skal ein i 2022-23 setja fokus på psykisk og fysisk helse. Eit gjennomgåande tema heile året vil bli "EG ER MEG"