Rones Barnehage

Rones ligg kun ein kort spasertur frå Sogndal sentrum. Tomta er solrik og variert med flott utsyn mot fjorden og fjella - med kort veg til flotte turmål i nærområdet. Barnehagen er ein privat foreldredreven barnehage. Vi har fire avdelingar med plass til barn i alderen 1-6 år. Opningstid: 7.15-16.15

Dei fire avdelingane er

  • Knuppen
  • Kvisten
  • Kongla
  • Stubben

Barnehagen held til i ein bygning frå 1920 åra og har mange spennande rom.
Frå starten i 1981 har barnehagen vorte større og huset vorte ombygd og pussa opp.
Den største rehabiliteringa var i samband med bygging av den nye avdelinga, Stubben, som vi flytta inn i 1. des. 2007.
Då vart garderobane på dei tre andre avdelingane renovert og påbygde.

Uteleikeplassen ber preg av å ha vore ein gammmal frukthage som gir rom for fantasifull leik og aktivitetar.

Nærmiljøet er variert med eplehagar, gardsdrift, Sogndal Folkehøgskule med ballbane, biblioteket, sogndalsfjorden og eit flott turområde på Røvhaugane.